Innovasjon og tradisjon


Som bønder har vi dei siste tiåra opplevd ei voldsom omvelting i bransjen, kanskje særleg her på Vestlandet. Bruka her er oftast ganske små og ganske bratte. Dette er ikkje ideelt for storstilt og effektiv drift. Løysinga for mange, også for oss, har blitt samdriftsmodellen, der fleire bruk går saman og deler drift og ansvar for ei større eining. Såleis vart det tradisjonelle mjølkebruket ståande utan dyr i fjøset i 2006. Kyrne flytta til meir moderne lokalitetar i fellesfjøs og arbeidsmengda på garden vart kraftig redusert.

Men Nilsgarden er, som dei fleste andre bruk heromkring, eit variert og brokete areal med slåttemark, god beitemark, dårlegare beitemark, hage og skog. Garden er tilpassa gjennom fleire hundre år til å bli brukt av folk og dyr, så dyr måtte vi ha.