Babyunderlagsskinn

Granberg garveri

Babyunderlagsskinn

Ordinær pris 840,00 kr

Desse skinna er tilpassa for å passe særleg godt til babyar. Den kvite fellen gjer at det er lett å sjå støv og ureinheiter, og ulla er klipt til ei lengde som er jamn og noko kortare enn dei andre skinna våre. Slik får ikkje barnet ditt ull i munn og auge.

Ein skinnfell er eit ypperleg leiketeppe eller soveunderlag, det er temperaturregulerande og stimulerer til motorisk utvikling, det er taktilt, det ser bra ut i alle rom og det er maskinvaskbart på ullprogram.

Eit must for alle nybakte foreldre og eit sikkert gåvetips til fødsel, namnefest eller dåp! Skinnfellen er preparert av Granberg garveri i Ølensvåg.