Lintråd nr. 832
Lintråd nr. 832
Lintråd nr. 832
Lintråd nr. 832
Lintråd nr. 832
Lintråd nr. 832
Lintråd nr. 832
Lintråd nr. 832

Campbell's

Lintråd nr. 832

Ordinær pris 219,00 kr

KAMPANJE! Kjøp tre sneller med lintråd, få den fjerde gratis! Du kan velge fritt mellom fargane.

Campbell's Satin Laid Linen Thread nr 832 er ein svært sterk og anvendeleg lintråd i storleik 40/3. Uunnværleg for alle som syr for hand! Tråden er heilt glatt og utruleg sterk, og blir tilrådd av bunadtilverkarar og buntmakarar. Lintråd nr. 832 tilsvarar lintråd som vart brukt til handsaum i folkedraktene i Norge og brukast i mange av dei rekonstruerte bunadane. Til handsaum i skinn, pels eller lær er han også heilt ypperleg! Han passar òg godt til perlearbeid, knipling og bandvev.

Vi fører tre standardfargar: Svart, kvit og natur/ubleika H0015. Til handsaum til bunad eller folkedrakt nyttast for det aller meste naturfarga tråd, uavhengig av fargen på stoffet. Dersom ein ynskjer ein mest mogleg diskret saum bør ein nytte ein tråd som er litt mørkare enn stoffet ein syr i.

Vi tilrår at tråden voksast lett med bivoks, og at nåla vert tredd i på den enden som kjem først av snella, ikkje den enden som du har klipt av. Då krøllar tråden seg minimalt og er lett å arbeide med.

Tråden blir levert i store sneller med 50 g i kvar.