kunnskap og lidenskap gjennom

15 GENERASJONAR

sjå våre produkt for den neste generasjonen

gamle teknikkar

NYE IDEAR

kortreist handtverk

produsert av norsk natur og

KJÆRLEIK

kvalitet og tradisjon

rett frå naturen

UTAN TILSETJINGAR

rask levering til heile verda

Mellom høge fjell og djupe fjordar, ytst på kysten av Møre, der milde vintrar blir avløyste av lange, frodige somrar, der er sjølve paradiset. I alle fall for oss som er glade i sauer! Dette klimaet er perfekt for den heilnorske sauerasen Gamalnorsk sau.

Mange kallar desse sauene for villsau, men ville er dei på ingen måte. Dei kan bli så tamme at det er på grensa til plagsamt! Vi opplever stadig at desse små, stillferdige dyra trakkar ned i støvlane våre og nesten veltar oss over ende i rein glede over å sjå oss, og særleg dersom der er utsikter for ein godbit.  Slike kjekke og tillitsfulle dyr må ein behandle fint og respektere, også dei som det av naturlege årsaker ikkje er plass til i neste års flokk.

Ull- og skinnprodukta frå NILSGARD kjem frå stressfrie dyr som går ute heile året - fordi det er slik dei trivst best. Ulla er fagmessig klippa, skånsamt handvaska og vidareforedla på garden. Mange av sauene røyter sjølve, og denne ulla er verkeleg ein luksusvare, fordi fibrane er intakte og dermed heilt vasstette. Skinna er frå dyr som er humant avliva. Vi ynskjer at alle dagane til dyra, også den siste, skal vere fine dagar. Vi håper og trur at dette viser att i kvaliteten på produkta våre.

 


Framheva produkt



Framheva samlingar