Skinn


Eit luksuriøst stolteppe, ein makelaus sengevarmar, eit mjukt og varmt vinterteppe i barnevogna... Eit soveromsgolvteppe som gjer at du gler deg til å setje føtene på golvet, det vesle ekstra til benken på balkongen ein fin sommarkveld, eller berre eit ekstra lite piff til stova: Ein skinnfell er eit fantastisk produkt, det er varmt og slitesterkt, passar inn i alle interiør og kan brukast i årevis.

Dei fleste skinna i butikken vår er av rasen Gamalnorsk sau, ei rase som er særskilt tilpassa norsk klima. Dette gjer at dei trivst best med å gå ute heile året, slik dei gjer her hjå oss. Dyr av denne rasen er nokså små og nette, og ulla er kjenneteikna av ei tjukk, relativt korthåra og mjuk underull med lenger dekkhår. Dette gjer dei særleg velegna til å bruke som sengevarmarar, sitjeunderlag og babyteppe.

Våre skinnfellar er fagmessig garva ved Granberg garveri.