Litt om oss i Nilsgarden


Nilsgarden er ein liten gard ved Dalsfjorden i Volda, og her bur og arbeider tre generasjonar. Som mange andre gardsbruk er det eit gammalt familieføretak, og Nils (f. 2014) er den niande Nils i rekkja sidan slekta tok over på slutten av 1600-talet. Han og broren Veljo (f. 2018) er arvtakarar i ei lang, lang rekke med småbrukarar her på vestsida av Voldsfjorden.

Lars er dagleg leiar i butikken og den som held styr på varelager, sendingar og det tekniske her på nettet. Han er skreddar og er brennande interessert i gode naturmateriale, fine vevmønster og å finne nye måtar å bruke naturen på. Om sommaren er han for det meste i kjøkkenhagen og åkeren, og om vinteren (og på regnvêrsdagar, som det er ein del av her) er det rokken og vevstolen som gjeld.

Hanne er gift med Lars og dagleg leiar i huset, men nestkommanderande i butikken. Ho kardar det meste av ulla vi produserer, og om våren er det ho som tek ansvaret for å halde styr på lamma og gi dei namn. 

Vi er ikkje ei stor bedrift, men vi er stolte av det vi får til. Hjå oss står fagkunnskapmiljø og service i fokus kvar dag, og vi trivst best når vi får jobbe nærme naturen og med hendene. Når du handlar hjå oss kan du kjenne deg trygg på både kvalitet, handtverk og dyrevelferd.

Lurer du på noko? Vi blir glade for alle spørsmål og tilbakemeldingar! Fyll ut skjemaet nedanfor eller skriv ein e-post til butikk@nilsgard.no. Vi er såpass gammeldagse at vi ikkje seier nei takk viss du skriv brev eller kort, heller. Adressa er Nilsgard, Dalsfjordvegen 155, NO-6133 Lauvstad.

Kontaktskjema: