Eintråda handspunne garn "KARIN"

NILSGARD

Eintråda handspunne garn "KARIN"

Ordinær pris 89,00 kr

Handspunne garn frå lokale sauer - dette er så kortreist som det kan bli! Ulla er varsamt vaska og karda for hand før det er spunne på ein vanleg rokk, akkurat som i gamle dagar.

Garn av spelsau har mange gode kvalitetar: Det er slitesterkt og glansfullt, det er bærekraftig, men det mest slåande er kor godt det held på varmen, sjølv når det blir vått. Ulla til desse sauene er skapt for å tole all slags vêr. Eit kjempeval til luer, sokkar eller vottar.

Handspunne garn blir tvinna meir enn maskinspunne garn, dette gjer at det blir sterkt og toler ein trøkk. Det får og ein litt ujevn struktur som gir eit flott liv til det ferdige produktet.

KARIN er eit eintråda, tynt gard. Vi tilrår strikkepinne nr. 2-2,5. Garnet leverast i to fargar, grått og ubleika. Desse fargane er naturlege, garnet er ikkje farga eller behandla på annan måte, utanom ein vask i såpe og vatn.

Leverast i nøster à 50 g.