Ein nydeleg, varm og fantastisk praktisk vognpose fòra med saueskinn. Dette er eit høgkvalitetsprodukt laga i Norge, og med riktig stell varer det i fleire generasjonar!
Posen kan leverast i tre forskjellige ytterstoff: Bomullscord, vadmel (100% ull) eller mjukt og lekkert lammeskinn. Alle er sydde på same måten.
Posen har påsydd "hette" som kan festast bak ryggen på sportsvogn, tilpassa opningar for fempunktssele, knapping øvst i posen for ekstra kalde dagar og glidelås som går heilt rundt, slik at overdelen kan takast av ved behov. Både over- og underdel er fora med mjukt, kortklipt saueskinn.
Med i pakken er eit par saueskinnsvottar til babyen i same stoff.
Dette er den perfekte gåva til dei nybakte foreldra eller til dåps-/namnefestgåve. Ei gåve dei vil ha glede av lenge, og som brukaren kan fortsetje å bruke til sine born.
Vi tilrår profesjonell rens av dette produktet.