Mann som broderer på ullstoff

John James

Broderinål nr. 26

Ordinær pris 7,00 kr

Broderinålene frå John James er utvikla for deg som set høge krav til verktyet. Nåla er laga av herda stål av særs høg kvalitet, med jamn overflate og ein avrunda, men tynn spiss som glir lett gjennom både ull, lin, bomull og silke. Den avrunda spissen gjer at trådane i stoffet ikkje deler seg og sikrar eit jamnt resultat.

Det polerte nålauget er utforma for å ta vare på tråden, også ved bruk av tynn silke- eller ulltråd. Resultatet er mindre slitasje på tråden, jamnare sting og ei meir tilfredsstillande arbeidsoppleving – sjølv ved lange broderiøkter.

Dette er nåla for tradisjonelt handbroderi, bunadsarbeid og moderne tekstilkunst, der kvar detalj tel.

Eigenskapar:
– Presis og spiss form for nøyaktige sting
– Slitesterkt, herda stål med lang levetid
– Glatt, polert nålauge som skånar tråden
– Godt eigna til både ullstoff og finare tekstilar
– Tilfredsstiller krava til profesjonelle handverkarar, og gjer jobben lettare for nybyrjarar.

Godt verkty er halve arbeidet, ikkje la dårlege nåler øydeleggje for skapargleda di.

Nr. 26 måler 34×0,61 mm.

Vi leverer nåler ned til 1 stk, men vi gjer merksam på at vi har store kvantumsrabattar på nåler! 

10 stk eller meir: 4,50 pr. stk

20 stk eller meir: 3,50 pr. stk

50 stk. eller meir: 2,50 pr. stk.