Nilsgard
Bivoks
Rein, naturleg bivoks produsert i Noreg – laga av skadde eller øydelagde vokstavler frå vår eigen birøkt. Her får du eit berekraftig produkt der vi tek vare på ressursane og let ingenting gå til spille.
Bivoksen er perfekt til voksing av sytråd. Når du dreg tråden gjennom voksen, blir han sterkare, glattare og mindre utsett for floking. Dette gjer saumarbeidet enklare og meir presist – enten du syr for hand, lagar bunad, reparerer klede eller driv med lærarbeid. Bivoks set ikkje merke på tøyet
Voksen blir selt i praktiske 10-gramspakkar. Éi pakke varer lenge og held til mange prosjekt.
-
100 % rein norsk bivoks
-
Frå eigen birøkt
-
Berekraftig – laga av skadde/øydelagde vokstavler
-
Gjer sytråden sterkare og meir medgjerleg
-
Drøy i bruk
Eit lite, naturleg hjelpemiddel som gjer stor skilnad i saumarbeidet ditt.