Eintråda handspunne garn "KARIN"
Eintråda handspunne garn "KARIN"
Eintråda handspunne garn "KARIN"
Eintråda handspunne garn "KARIN"
Eintråda handspunne garn "KARIN"
Eintråda handspunne garn "KARIN"
Eintråda handspunne garn "KARIN"
Eintråda handspunne garn "KARIN"
Eintråda handspunne garn "KARIN"

NILSGARD

Eintråda handspunne garn "KARIN"

Ordinær pris 139,00 kr

Handspunne garn frå lokale sauer - dette er så kortreist som det kan bli! Ulla er varsamt vaska og karda for hand før det er spunne på ein vanleg rokk, akkurat som i gamle dagar.

Garn av spelsau har mange gode kvalitetar: Det er slitesterkt og glansfullt, det er bærekraftig, men det mest slåande er kor godt det held på varmen, sjølv når det blir vått. Ulla til desse sauene er skapt for å tole all slags vêr. Eit kjempeval til luer, sokkar eller vottar.

Handspunne garn blir tvinna meir enn maskinspunne garn, dette gjer at det blir sterkt og toler ein trøkk. Det får og ein litt ujevn struktur som gir eit flott liv til det ferdige produktet.

KARIN er eit eintråda, tynt garn. Vi tilrår strikkepinne nr. 2-2,5. Viss du strikkar med dobbelt garn (garnet kan trekkast ut frå senter og utsida av nøstet) passar pinne 3,5.

Garnet leverast i ulike fargar. Sauegrått og sauekvitt er ufarga og er den naturlege fargen frå ulla. Fargekodene som sluttar med F er syrefarga med syntetiske pigment og vanleg hushaldningseddik. Fargekodene som sluttar med N er farga med lokale, naturlege pigment frå planter og sopp. Nokre av dei naturlege fargane er behandla med alun (kaliumaluminiumsulfat) eller jarnsulfat for å få fram pigmenteringa. Vi fargar berre i små batchar med lågtoksiske pigment.

Leverast i nøster à 50 g.