Forgarn uvaska 110 g
Forgarn uvaska 110 g

NILSGARD

Forgarn uvaska 110 g

Ordinær pris 61,50 kr

Forgarn er ferdig karda ull som er delt opp i tynne strimlar, men ikkje spunne. Passar godt for dei som likar å spinne sjølv, eller for strikking, veving eller toving som det er. Plagg som er strikka av forgarn blir utruleg lette og luftige, og det er ikkje vanskeleg. Den skjøre tråden blir sterk med ein gong han er komen på pinnar, og skulle ein slite garnet er det berre å overlappe endane nokre centimeter og strikke vidare. Passar til pinne 3,5 eller 4.

Forgarnet er laga av haustull frå våre norske spælsauer. Det er uvaska, noko som gjer det veldig lett å jobbe med. Det betyr også at du har full kontroll over kva stoff ulla skal kome i kontakt med! Ver merksam på at det luktar litt sau, denne lukta forsvinn enkelt i vask av det ferdige produktet. Vi tilrår ikkje vask av forgarn, då det lett filtrar seg saman. Strikka eller vevd forgarn kan vaskast på ullprogram, ferdig spunne garn handvaskast.

Uvaska ull bør ikkje lagrast over lenger tid, då ullfeittet kan harskne. Det vil då vere vanskelegare å reingjere produktet. Ved lagring bør ulla lagrast så mørkt og kjølig som mogleg.

Selgast i rullar på minst 110 g. Pris pr. rull.