NILSGARD
Karda ull, uvaska, pr. gram
NB! Prisen er pr. gram!
Uvaska, karda norsk haustull av spælsau. Heilt ubehandla og naturleg! Kan spinnast eller tovast slik ho er. Det luktar litt sau, men er utruleg lett og samarbeidsvillig å jobbe med, og passar særleg godt til spinning for nybyrjarar.
Ein kan vaske ulla ved å legge henne i svært varmt vatn, gjerne med ein liten dæsj ullsåpe eller shampoo, og la henne ligge der uforstyrra til vatnet er romtemperert, og deretter tørke henne hengande luftig, til dømes i eit handkle eller ein striesekk. Sauelukta vil då forsvinne, og ein kan nytte ulla til for eksempel nissehår eller -skjegg eller fyll til kosedyr.
Uvaska ull bør ikkje lagrast over lenger tid, då ullfeittet kan harskne. Ho vil då bli vanskelegare å reingjere. Det kjem òg lettare møll på uvaska ull, så vi tilrår møllsikker oppbevaring fram til produktet er vaska. Uvaska ull bør lagrast mørkt og kjølig, gjerne i frysar.
Hugs å fylle inn kor mange gram du ynskjer å kjøpe!