KANUTTE er eit hardtvinna firetråds ullgarn med tydeleg struktur og godt spenn i tråden. Garnet er handfarga i butikken i mikroparti, og vi bruker overskuddsgarn frå moteindustrien til desse partia. Høg kvalitet, mindre svinn, og alltid 100% naturlege fiber.
Den faste tvinnen gir eit jamt og definert maskebilete, og gjer garnet ekstra slitesterkt i bruk. Perfekt til plagg som skal tole kvardagen: luer, skjerf, vottar og andre strikka favorittar.
100 % ull, ca 112 m pr. nøste. Bruk gjerne pinne 3-3,5 til dette garnet, eller strikk ein liten prøvelapp for å sjekke kva pinnar som passar til mønsteret du vil bruke.