Skreddarnål nr. 5
Skreddarnål nr. 5

John James

Skreddarnål nr. 5

Ordinær pris 4,00 kr

Vi utvidar sortimentet av syutstyr. Ta gjerne kontakt viss du saknar noko i utvalet vårt.

Engelskprodusert skreddarnål av overlegen kvalitet. Alle vi som syr har vore gjennom den frustrerande opplevinga det er å jobbe med dårlege nåler som bøyer seg og slit av tråden med hakk i auget. Då er det ikkje kjekt å sy! Men heldigvis finst det framleis nåler som gjer syarbeidet til ein draum: John James leverer stålnåler med heilt glatte auge, og som er spenstige men sterke. Dei glir lett gjennom stoffet og er svært slitesterke, så du kan vere trygg på at nåla er skarp og fin sjølv etter fleire titals timar med bruk.

Nummer 5 er ei relativt kort nål av skreddar-/quiltetype som måler 35×0,76 mm. Syr du i ullstoff, dongeri eller gjennom fleire lag er denne heilt super, men sidan den er relativt tynn er den eigna til ei "allround"-nål som du kjem tilbake til også viss du jobbar med tynnare stoff.

Vi leverer nåler ned til 1 stk, men vi gjer merksam på at vi har store kvantumsrabattar på nåler! 

10 stk eller meir: 2,80 pr. stk

20 stk eller meir: 1,15 pr. stk

50 stk. eller meir: 0,90 pr. stk.

Rabatten blir automatisk trekt frå i kassen.