Bunad- og skreddartenester


Sewing buttonhole on jacket

Vi monterer, tilpassar og reparerer bunad og andre plagg!

Hos oss får du nøyaktig handverk, personleg oppfølging og respekt for tradisjonane som bunaden byggjer på.

Bunaden er eit plagg som ofte følgjer oss gjennom eit heilt liv, og godt handverk er avgjerande for både passform, komfort og varig kvalitet. Vi legg vekt på grundig arbeid, riktige materialval og løysingar som tek vare på bunaden din – enten det gjeld reparasjon, omsaum eller tilpassing.

Fagkunnskap og utdanning

Lars er bunadtilverkar og har saumutdanning frå Nørve vidaregåande skule, samt fullført treårig kursrekke i Bunadsopplæringa ved Raulandsakademiet og Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Han har òg lang erfaring med tradisjonshandtverk, prydsaum og vev. Dette faglege grunnlaget innan tradisjonell bunadssaum, materialkunnskap og historisk forankra handverk gjer at du kan vere trygg på at bunaden din blir akkurat slik han skal vere.

Vi tilbyr mellom anna:

  • Montering av bunad
  • Tilpassing og omsaum
  • Reparasjon og utbetring av slitasje
  • Kunststopping
  • Justering av passform
  • Rådgjeving og rettleiing til dei som ynskjer å gjere litt eller alt sjølv
  • Reparasjon av andre plagg etter avtale

Kvar bunad og kvart plagg blir vurdert individuelt, og vi tek gjerne ein prat om behov, løysingar og tidsbruk før arbeidet startar.

Ta gjerne kontakt for spørsmål eller for å avtale time i verkstaden.

Ofte stilte spørsmål (FAQ)

Kva slags bunadsarbeid tilbyr de?

Vi tilbyr montering, tilpassing, omsaum og reparasjon av bunad. I tillegg utfører vi reparasjon og tilpassing av andre plagg etter avtale. Vi kan òg rettleie og gje råd til deg som er interessert i å gjere noko av bunadsarbeidet sjølv.

Kan de tilpasse ein bunad som er arva eller brukt?

Ja. Vi tilpassar ofte bunader som er arva eller kjøpte brukt. Vi vurderer passform, saumrom og materialtilstand, og gir råd om kva som kan gjerast.

Reparerer de slitasje og skadar på bunad?

Ja, vi utfører reparasjon av slitasje, hol, laus saum, utslitne område og mindre skader. Målet er å ta vare på bunaden på ein skånsam og varig måte.

Syr de nye bunader?

Ja. Vi monterer bunader både til herre og dame, og utfører bunadsarbeid etter avtale. Ta gjerne kontakt for å drøfte prosjektet og få ei vurdering.

Kva kostar bunadsarbeid?

Pris varierer etter type arbeid og omfang. Vi gir gjerne eit overslag etter å ha sett bunaden eller fått ei skildring av arbeidet som skal gjerast.

Kor lang tid tek arbeidet?

Tidsbruk varierer etter sesong og type oppdrag. Vi rår til å vere ute i god tid, særleg før høgtider som 17. mai og bryllaup.

Må eg bestille time?

Ja, vi set pris på at du tek kontakt på førehand for å avtale time, slik at vi kan setje av nok tid til vurdering og tilpassing. Verkstaden er open dei fleste kvardagar frå 9 til 15, men vi opnar etter avtale for måltaking, prøving og vurdering.

Kvar held verkstaden til?

Verkstaden ligg i Dalsfjordvegen 155 på Lauvstad i Volda, og vi tek imot kundar etter avtale. Ta kontakt for nærare informasjon om oppmøte.

Reparerer de andre plagg enn bunad?

Ja, vi tilbyr skreddartenester og reparasjon av andre plagg etter avtale.